Data-eksport i Postkassetrimmen

I Postkassetrimmen-appen kan du laste ned all persondata, innsjekkingar og bilete knytta til deg. I denne artikkelen finn du informasjon om korleis det fungerer, kva for nokre filer får, kva for format dei er på, og korleis det kan brukast.

Formål

Personopplysingane dine, bileta og innsjekkingane som du registrerer i Postkassetrimmen er det du som eig. Du har rett til å få innsyn i dette og få laste det ned på eit maskinlesbart format som kan nyttast av andre tilsvarande tur- og trim-appar. Data-eksport-funksjonen i Postkassetrimmen er meint å dekke desse rettane dine.

Les meir om relevante rettar du har gjennom Personvernforordninga her:

Slik lastar du ned dataen din

I Postkassetrimmen-appen går du til Profil-fana og opnar menyen oppe til høgre. I menyen går du til «Dine data». Her inne kan du tinge eksport av dataen din.

Det kan ta litt tid å få ferdiglaga arkivet ditt. Når det er klart, får du ein e-post. Du kan då gå inn til «Dine data»-sida i appen igjen og laste ned ZIP-arkivet.

Du kan bestille éi nedlasting i veka. Når du har fått laga eit arkiv kan du berre laste det ned éin gong.

Obs! Arkivet inneheld personopplysingane dine. Sørg for å lagre det på ein sikker stad. Om du vil dele filer med andre, så del berre dei relevante filene og sørg for at du stolar på dei du deler med.

Filer og filstruktur

Signatur-filer

Kvar fil i arkivet har ei tilhøyrande fil med filending «.sig» som ligg i mappa «signatures». Dette er ei signaturfil som garanterer at fila er laga av Postkassetrimmen. Dette kan verifiserast. Les meir om dette i kapittelet «Kryptografisk signering».

Mapper på øvste nivå

På det øvste nivået i arkivet finn du mapper for din eigen brukarkonto og eventuelt for kvar av familieprofilane dine. Om du ikkje har familieprofilar i appen, så vil det berre vere éi mappe her. Namnet på mappa er IDen til brukarkontoen din.

Innsjekkingar

Innsjekkingane dine kjem i tre ulike format: checkins.csv, checkins.geojson og checkins.gpx. Du finn den same dataen i alle tre, men dei ulike formata har ulike fordelar ved seg.

Kvar innsjekking i filene inneheld informasjon om fjellet som var vitja og tidspunkt.

Merk at det same fjellet kan ha fått endra namn. Då vil kanskje «mountainName» vere annleis for gamle innsjekkingar enn for nye, medan «mountainId» vil framleis vere lik.

Innsjekkingar for fjell som er fjerna

Nokre innsjekkingar kan vere til postar som er fjerna frå appen. Då er «mountainName» anonymisert til «_FJERNA_» og koordinatane vil vere 0, 0 (latitude, longitude).

checkins.csv

CSV-formatet er praktisk for å importere i reknearkprogram som Excel. Den første linja inneheld overskrifter. Kolonnene er delt med semikolon (;).

checkins.geojson

GeoJSON er eit kjent format for geografisk data, og mange kartprogram støttar dette. Fila checkins.geojson inneheld ein FeatureCollection med innsjekkingane som Point-features.

Kvar linje er ein GeoJSON Feature av typen Point og definerer eit fjell.

checkins.gpx

GPX er òg eit velkjent format for geografisk data. Fila checkins.gpx inneheld innsjekkingane som waypoints.

Kvar linje er ein GeoJSON Feature av typen Point og definerer eit fjell.

Bilete frå innsjekkingar

I mappa "images" finn du alle bileta frå innsjekkingane dine. Alle er JPEG-filer med dimensjonar 1920 x 1080.

Namnet på eit bilete består av tre delar: 1) Namnet på fjellet i innsjekkingsaugeblinken, 2) Datoen for innsjekkinga, 3) Innsjekkings-ID (checkinId). Sistnemnde kan brukast for å knytte eit bilete til ei innsjekking i checkins-filene.

Tidspunktet for innsjekkinga er òg lagt inn som "DateTimeOriginal" i biletet sin EXIF-data.

Personalia

I personalia.csv finn du personinformasjonen din: Namn, e-postadresser og eventuelt fødselsdato.

Dersom du har lasta opp eit eige profilbilete vil du finne dette som ei fil som heiter profile-picture.jpg.

Kryptografisk signering

Kvar fil i arkivet er signert kryptografisk og har dermed ei tilhøyrande fil med filending «.sig», som inneheld signaturen.

For eksempel, dersom du sender checkins.csv til nokon andre, så bør du òg sende checkins.csv.sig. Med signaturfila kan mottakaren då verifisere at checkins.csv er laga av Postkassetrimmen sin data-eksport og at fila ikkje er endra i ettertid (f.eks. i tilfelle du sjølv diktar opp innsjekkingar i fila).

Offentleg nøkkel

Den offentlege nøkkelen for verifisering av signaturen finn du her: https://postkassetrimmen.no/data.public.asc

Verifisering av signatur

Her er eit eksempel på korleis ein kan verifisere signaturen til ei fil i arkivet på ei Unix-maskin. Du må ha curl og gpg installert.

# Last ned den offentlege nøkkelen
curl https://postkassetrimmen.no/data.public.asc -O data.public.asc

# Importer nøkkelen i GPG-klienten
gpg --import data.public.asc

# Verifiser signaturen
gpg --verify signatures/META.txt.sig META.txt
        

Resultatet frå siste kommando skal vise at det er ein «Good signature».