Personvernerklæring

Behandlingsansvarlig

Mats Byrkjeland er ansvarleg for behandlinga av personopplysningar sendt til Postkassetrimmen.

Persondata som lagrast

Persondata om brukarar vert kun henta frå registreringsskjemaet for appen. Ingen data vert henta frå andre kjelder, med unntak av at brukaren har moglegheit til å velje at appen skal hente profilbilete frå tenesta Gravatar (https://en.gravatar.com/). Ingen persondata vert utlevert til tredjeparttenester. Under vert det forklart kva persondata som vert lagra, kva som er formålet med det, og om det er frivillig å gi.

Analyse og feilvarsling

Postkassetrimmen tar i bruk eit par analyseverktøy for å finne feil og kunne forbetre appen.

Crashlytics

Crashlytics er eit feilrapporteringsverktøy som loggfører når appen kræsjar hos ein brukar. Crashlytics samlar inn feilrapporten som vert generert ved ein kræsj, samt informasjon om telefonen, som produsent, modell, operativsystem og appversjon. Informasjonen er anonym, og kan ikkje knyttast til brukarkonto.

Fabric og Answers

Fabric og Answers er tenester som tilbyr ein del sanntidsstatistikk. Dette inkluderer å sjå kor mange aktive brukarar det er til ei kvar tid, kor mange som har installert forskjellige appversjonar, og kor mange brukarar det er per operativsystem (Android/iOS). Omtrentleg posisjon til aktive brukarar er òg synleg. Informasjonen er anonym, og kan ikkje knyttast til brukarkonti.

Posisjonssporing

Postkassetrimmen brukar posisjonssporing for å finne ut om brukaren er i nærleiken av destinasjonar (fjell). Posisjonar frå denne sporinga vert ikkje lagra på Postkassetrimmen sine tenarar. Posisjonen til ein brukar vert kun lagra i form av destinasjonsvitjingar. Altså, når ein brukar er i nærleiken av eit fjell, kan han sjekke inn på (vitje) fjellet. Då vil tidspunktet brukaren var ved fjellet verte lagra på Postkassetrimmen sine tenarar. Dette vil vere synlig for andre brukarar.

Som nevnt over, samlar Fabric inn omtrentleg posisjon til aktive brukarar. Dette er anonymt og kan ikkje knyttast til brukarkonti.

Sletting og endring av persondata

Brukaren kan til ei kvar tid endre på personopplysningane som er knytta til brukaren sin profil gjennom appen. Brukaren kan også til ei kvar tid velje å slette profilen sin. Då vil profilen og alle tilknytta data (vitjingar/innsjekk) òg verte sletta.

Postkassetrimenn følgjer den norske personvernlova. Brukaren har til ei kvar tid retten til innsyn i eigne personopplysningar, samt krav om retting eller sletting av mangelfulle eller uriktige opplysningar.

Sikring av opplysningar

All kommunikasjon mellom brukaren sin mobiltelefon og Postkassetrimmen sine tenarar skjer kryptert over SSL. Passord vert lagra kryptert i Postkassetrimmen si database. All kommunikasjon som har med personopplysningar å gjere vert autentisert ved bruk av JSON Web Tokens (JWT).

Kontaktinformasjon

Mats Byrkjeland (mats@postkassetrimmen.no)