Kjære trimmar, her kjem dessverre triste nyhende til deg. Postkassetrimmen skal leggjast ned. Appen vil fungere fram til vår/sommar neste år.
Postkassetrimmen er noko eg, Mats, har drive på fritida sidan 2017. Eg har over ei god stund kjent på at eg ikkje har kapasitet nok til å halde fram. Det er mykje arbeid som krevst for å halde appen ved like. Å behandle fjellforslag og svare på e-postar er ein del, men eg må òg vedlikehalde kode for app og server, overhalde krav frå Apple og Google, drive føretak og føre rekneskap, og sikre at informasjonssikkerheita er god, for å nemne noko.
Eg tek heller ikkje lett på ansvaret eg har for personvernet dykkar. Som brukar av Postkassetrimmen legg ein igjen geografiske spor og annan persondata, og det er strenge lovkrav for dette. Det krev tid og arbeid å forvalte dette ansvaret på ein god måte.
Å utvikle og drive Postkassetrimmen har vore veldig kjekt og lærerikt. Men no kjenner eg at det har vorte til eit arbeid som heller gjev dårleg samvit over alt eg ikkje får tid til. Eg har kome fram til at det beste er å runde av og gje seg medan leiken framleis er god. Eg vil ikkje at appen skal «forvitre» ved å fjerne funksjonar eller liknande for å prøve å minske arbeidet.
Alle trimmar som er aktive i appen no vil gå som vanleg, men ingen nye vil leggjast til. Moglegheita for å sende inn forslag til nye turmål forsvinn i haust. Elles vil appen fungere som normalt fram til våren eller sommaren neste år. Akkurat når er uklart og meir informasjon vil kome når det nærmar seg.
Fleire lurer på om appen kan seljast eller takast over av andre. Det er ikkje noko eg kjem til å jobbe for å få til. Å overta ein app med tilhøyrande kode og baksystem er ikkje enkelt. Dessutan er Postkassetrimmen hjartebarnet mitt, og eg må ærleg seie at det ville vore vanskeleg å gje det frå seg.
Nokon lurer på om det ville hjelpt å ta betalt for appen. Det ser eg ikkje som ei løysing, då eg ikkje ynskjer å gjere eit levebrød av Postkassetrimmen. Å ha betalande kundar medfører fleire krav og større ansvar.
Det finst appar som liknar Postkassetrimmen, og eg ser det som betre at desse lagar støtte for å importere innsjekkingane dine (les neste avsnitt) og kanskje lagar funksjonar som finst i Postkassetrimmen på eiga hand.
Appen har ein ny funksjon for å laste ned alle dine innsjekkingar, bilete og meir. På denne måten kan du ta vare på turane sjølv om appen forsvinn. Andre tur-appar kan importere denne dataen inn i deira app, om dei vil lage støtte for det. Ingen har slik støtte i dag, men du har «Rett til dataportabilitet» gjennom personopplysingslova, som kan fungere som argumentasjon for å lage det.
Eg veit at mange har lagt inn svært mykje innsats i appen. Eg har høyrt fantastiske historiar om korleis Postkassetrimmen har ført til stor trimmotivasjon og helsevinstar. Mange av dykk har gått turar kvar einaste dag i eit år for å fullføre dei gjævaste bragdene. Mange har oppdaga nye turmål og gått «berre litt til» for å få ei ekstra innsjekking og eit grønnare kart. Eg vil seie unnskyld til alle dykk for at appen vert lagt ned, og eg forstår at de vert skuffa.
På same vis vil eg takke dykk! Appen ville ikkje vore så bra utan så engasjerte brukarar. Det er de som har skapa konkurranse i trimmar og leiartavler, fylt kartet med flotte turmål, spreidd ordet om appen til nye trimmarar, og så mykje meir! Tusen takk!
Eg er utruleg stolt over å ha laga Postkassetrimmen og sett kor mykje glede det har skapt. Eg håpar turgleda dykkar består. Fjella kjem i alle fall til å stå!
Audmjuk helsing frå Mats