Nettside-utgåve av Postkassetrimmen

Delar av Postkassetrimmen fortset i enklare form som ei nettside. Ho får namnet «Postkassetrimmen Nett», sidan det er ei nettside og ei nettare utgåve av det mobilappen.

Den største skilnaden er at denne sida fungerer meir som ei privat loggbok enn eit sosialt medium. Du har ingen profil og ser ikkje kor andre går. Alle innsjekkingar vert berre lagra lokalt på mobilen din eller datamaskina di.

Gå til Postkassetrimmen Nett

Kva er likt som i appen?

Du kan framleis:

I den nye nettside-utgåva kan du ikkje lenger:

Noko som er nytt er at du sjølv kan sjekke inn og velje dato heilt fritt. Om du ikkje får sjekka inn på tur, så kan du sjølv sjekke inn seinare.

Det vert ikkje handheva at du er innanfor ein viss distanse frå punktet for å kunne sjekke inn.

Du kan importere innsjekkingane dine frå Postkassetrimmen-appen. Les korleis du gjer det på postkassetrimmen.no/data.

Nettsida kan installerast som ein app

Den nye nettsida er utvikla som ein Progressive Web App (PWA). Det betyr at ho kan leggjast til på heimskjermen på mobilen din og vil då oppføre seg som ein app – sjølv om du ikkje finn ho i App Store eller Play Store. Dette kan du lese meir om inne på sida.

Kvifor gjere det slik?

På denne måten vert det mykje mindre å vedlikehalde. Det trengst ikkje database eller autentiseringssystem.

Personvernet vert betre og enklare å handtere, sidan det nesten ingen er persondata i spel. Det er berre nettlesaren din som lagrar innsjekkingar, og det er berre du som har tilgang til dei.

Å utvikle og vedlikehalde ei nettside er òg mykje enklare enn ein app.

Ved å tilby denne nettsida håpar eg ein del av dykk framleis kan ha glede av Postkassetrimmen framover, om enn i ei enklare form.

Planar framover

Håpet er å kunne vidareutvikle sida innimellom når eg har tid, lyst og overskot til det. Feilrapportar og forslag til nye funksjonar kan sendast til post@postkassetrimmen.no, men ikkje forvent snarlege svar.

Det vert ikkje opna for å sende inn forslag til nye turmål.

God tur!